Informasjonskriv om Skodvin skule i Hundvinbygda
FAU ved Skodvin skule, Hundvin bygdelag, - Mars 2009
Vekst og utvikling I Hundvinbygda bur det i dag 590 store og små (Skodvin barneskulekrins pr. feb-2009). Vi har omlag 250 bustadar fordeltepå fleire byggjefelt samt spreidd busetnad. Her er også om lag 170 hytter. Her finst fleire typar næringsverksemd, mange aktive lag og organisasjonar og her er flott natur. Sjølve knutepunktet i bygda er Skodvin skule, med pr i dag 53 elevar. Prognose for elevtalet ved skulen viser over 60 elevar frå 2010.
Vi som bur her ynskjer eit levedyktig og engasjert lokalsamfunn, og Hundvinbygda har i dag eit aukande innbyggjartal og ein spennande skule i vekst og utvikling.
Dette informasjonsskrivet viser noko av alt det spennande vi har å tilby på skulen vår og i bygda vår.
Skodvin skule – i sentrum
Skodvin skule, knutepunktet i Hundvinbygda, ligg om lag midtveges mellom Knarvik og Mongstad. Frå 1.august 2007 er Skodvin skule organisert i ei eining saman med Eikanger, Festo, Kløvheim, Leiknes, Myking og Seim skular.
|
Skulen har 53 elevar pr januar 2009, organisert i fire basisgrupper. Skulen har eit jamt aukande elevtal i åra framover, og det er venta at elevtalet ved skulen passerer 60 i 2010.
Ved skulen er det i alt 12 tilsette. |
Grunntanke Skodvin skule byggjer verksemda si på tanken om at elevane skal leika, arbeida og læra i eit miljø med sterke røter i heimbygda som grunnlag for møte med omverda. Arbeidet med fag, haldningar og verdiar, skal gje kunnskap, dugleik og vekst for det enkelte mennesket, bygd på:
Sjølvstende
Ansvar
Nærmiljø
Samarbeid
Fagleg arbeid
Skodvin skule har fleire år arbeidd med utviklingsoppgåver innanfor faglege, metodiske og sosialpedagogiske område. I skulen si organisering og i det daglege arbeidet vert det lagt vekt på dei grunnleggjande dugleikane og faga i læreplanen.
Skulen prioriterer den grunnleggjande opplæringa i lesing, skriving, rekning og engelsk, både metodisk og gjennom å organisere denne opplæringa i reine årsstegsgrupper. Ein sentral tanke i personalet sitt arbeid er at fagleg og metodisk solide undervisningsforløp i seg sjølv også styrkjer læringsmiljøet.
|
|
Vi gler oss over at elevane både viser gode faglege læringsresultat, og kan gje fine kulturelle framføringar. Stadfesting finn vi i kartleggingar og i Nasjonale prøver, og gjennom Elevundersøkinga viser elevane korleis dei sjølve verdset læringsmiljøet sitt.
Saman med dei andre skulane i eininga har Skodvin skule lagt ned eit stort arbeid i å konkretisera kompetansemåla i K-06 i ”Stegark” , og å knytte det opp til Mappemetodikk . Skulen står no nett framfor krevjande utprøvings- og gjennomførings-fasar
Utvikling av læringsmiljø
Skulen byggjer på ei grunnleggjande positiv oppfatning av mennesket, og ønskjer å ha godt rom for mangfaldige læringsmåtar, skapande arbeid og allsidige erfaringar. Eit godt arbeids- og lærings-miljø er ein føresetnad for ein god skule. Det legg viktige oppgåver på personalet på skulen, og på foreldra.
Skulen har gjennomført skulering i Olweus-programmet , og det er grunnlaget for skulen sin eigen Plan mot mobbing og antisosial åtferd, og for arbeidet kvar dag. Programmet er kunnskaps- og forskingsbasert, og har dokumentert effekt i arbeidet mot nulltoleranse mot mobbing.
Skulen har og gjennomført skulering i programmet Dei utrulege åra (C.Webster-Stratton) under leiing av Lindås PPT. Dette programmet har som føremål å betra skulen si evne til å førebyggja og handtera uønska åtferd, med arbeidsmåtar som er utviklande for barna. Personalet står no i eit omfattande arbeid med utvikle og innarbeide arbeidsmåtane i dagleg praksis.
Sidan hausten 2008 deltek kontaktlærar i 1.-2. trinn i eit opplæringsprogram kalla Zippys Venner . Programmet gir barna systematisk opplæring og øving i god sosial åtferd og å utvikla seg som sjølvstendige og sosiale personar. Dette er eit felles satsingsområde for skulane i Lindås, og vert gjennomført i nært samarbeid med skulehelsetenesta.
Uteskule
Naturen er den einaste plassen der utfordringane er tilrettelagde for alle, uansett alder, kjønn og meistringsnivå. Difor ynskjer Skodvin skule å nytta uteskule som ein læringsarena der elevane sjølve er aktive, nyfikne og sansande.

  
Det vert lagt vekt på trivsel, leik, fysisk allsidig aktivitet og kontekst-plassert læring. Det å få ”skulefag” i praktiske situasjonar i naturen er viktig. Døme på dette er vêr og vind, observasjonar av skiftande årstider og emne frå naturen generelt. Uteskulen er ein sosial fellesskap, der mykje av læringa går føre seg gjennom samarbeid i oppgåver og aktivitetar.
Som ei oppfølging og vidareføring, har skulen sidan 2003 eit samarbeid med ein gardbrukar om eit tiltak kalla Grønt i skulen.
Prosjekt Grønt i skulen
Frå skuleåret 2002-03 har Skodvin skule hatt eit samarbeidsprosjekt med Garden på Træland, spesielt retta mot mellomsteget. Garden driv i dag eit ekstensivt bruk med hestar, høner og vinterfora sauer. Garden er sjølvforsynt med grønsaker i sommarhalvåret. Elevane fylgjer garden sin årssyklus, og deltek i det daglege arbeidet på ein gard:
Lett skogsarbeid og rydding av kulturbeite
Stell av dyr
Fiske, dyrking og matlaging av eigne råvarer
Torgdag med sal av eigne plantar og grønsaker.
Gardbrukar har utarbeidd måla og den praktiske delen av prosjektet, medan skulen har utarbeidd den pedagogiske delen.
Skodvin skule ser samarbeidet som ein vesentleg del av ei tilpassa opplæring for alle elevane sine. |
|
  
Desemberskulen Desemberskulen er eit årleg prosjekt som varer frå medio november til skuleavslutning i desember. Skulen tek utgangspunkt i eit tema og knyter i utstrakt grad undervisninga opp mot dette temaet. Tema har vore innanfor kunst og litteratur, til dømes Eventyr , Astrid Lindgren , Picasso . Som ein del av desemberskulen samlast alle elevane ved skulen i eit felles-kor og øver inn repertoar. Resultatet av arbeidet blir presentert på Desember-cafe der foreldre og andre interesserte er velkomne.
Musikkundervisning
Musikk-undervisninga ved skulen byggjer opp under elevane sine musikk- interesser. Frå 4. årstrinn og oppover har elevane band der dei får opplæring i piano, keyboard, slagverk eller bassgitar etter ynskje. I tillegg får dei som vil trening i solosang. Elevane blir også oppmuntra til å ta med eigne instrument, så til dømes har gitar og cornett vore hyppige supplement. |
|
Julefesta FAU ved Skodvin skule arrangerer årleg tradisjonell juleavslutning. Her er heile skulen samla til juleavslutning i ungdomshuset 'Dalheim', saman med sysken, foreldre og besteforeldre. Spesielt inviterte til festen er bygda sine pensjonistar og komande første årstrinn elevar. Underhaldning frå felles-koret, samt enkelt-årstrinn med song, spel og sketsjar.
SFO
Skulen har SFO, med 22 barn fast tilmelde. Opningstida er frå 0730 – 0900 og frå skuleslutt til 1630 alle skuledagar for 1. – 4. trinn. Onsdag er SFO-en stengd.
Hovudvekt vert lagt på
Vennskap, sosial leik og læring.
Ta vare på kvarandre, kunnskap og interesser.
Eit fellesskap for små og store
Få opplevingar saman med andre - i nærmiljøet og lengre borte.
Velje aktivitet i store og små grupper
Utvikle fantasi og kreativitet
|
|
Gymsal og uteområdet er mykje brukt.
Elevane har tilbod om leksehjelp dersom dette er ynskjeleg.
Kvart år reiser SFO-en på ein halvdags tur. Eksempel er tur på kino, bowling og Baluba .
FAU
Foreldra er særleg gjennom FAU den mest avgjerande støttespelaren til skulen. Gjennom ulike tiltak, frå foreldremøte, dugnadsarbeid, loddsal, loppemarknad og arrangement som dansekurs for elevane, gjer FAU innsats for å påverka og utvikla miljøet på og rundt skulen. Resultata kjem skulen og elevane til gode, både i det faglege arbeidet og i elevane sin leik.
Utemiljøgruppa ved skulen, i lag med bygdefolk for øvrig, brukte i 2007 over 200 timar på å rusta opp leikeplass og uteområdet. For øvrig er det innkjøpt bordtennisbord, og FAU har skaffa eit uteleikeapparat som står for montering i 2009.
Engasjement frå lag og organisasjonar i bygda
Skulen kjenner seg nær knytt til bygdefolket og til lagslivet elles. Både Ungdomslaget og Helselaget gjer betydelege innsatsar for skulen kvart år. Her vil me likevel særleg framheva Skodvin skulemusikk, som oppnår musikalske kvalitetar på høge nivå. At korpset årvisst hevdar seg mellom dei beste i landet vitnar om kvaliteten og innretninga på det arbeidet som vert lagt ned, både av dei unge musikantane og leiarane deira.
'Det trengs ei bygd for å fostra eit barn!'
Teknisk tilstand på skulen
Utearealet
I 2007 brukte FAU og bygdefolk over 200 dugnadstimar på å rusta opp leikeplass og uteområdet. Mellom anna vart det utført:
Grusing av ballplass (100tonn grus)
Bygging av utstyrsbu til leiker og utstyr
Maling og utbetring av uteleikeapparat
Kloakk
Avløpsreinsing skal utbetrast våren 2009.
Arbeidsrom for personale
Skulen har ei preker sak med omsyn til arbeidslokale for personalet. Dette er ei sak som etter pålegg frå Arbeidstilsynet skulle vore lukka i 2004, men som framleis er open. Hovud-verneombud var på synfaring før jul 2008. Kommunestyret har løyvt midlar til dette, og eigedomsavdelinga er i gang med å ta hand om saka.
Historie
Skodvin Skulemusikk vart skipa i 1976 på initiativ frå Foreldrerådet ved Skodvin Skule, ettersom det var eit sterkt ønske om korps i bygda. Instrument vart bestilte og instruksjon kom i gang frå hausten same år. 17.mai 1977 var korpset med i folketoget på Hundvin til stor stas for resten av bygda.
Korpset tel pr. i dag 27 musikantar, og har øving på Skodvin skule to gongar for veka. I tillegg har korpset 6 aspirantar.
Mange gode plasseringar
Det musikalske har alltid vore prioritert i korpset. Heilt sidan 1982 har SSM deltatt i NM-finalen for skulekorps og har hevda seg som eit solid korps. I 1986 vann korpset 1. divisjon for brasskorps. I 2001 vann korpset 2. divisjon, og på nytt i 2008. SSM har også vore med i Nordisk Mesterskap ein gong (og vann), samt tre gonger i EM for skole- og ungdomskorps, med 2. plass som beste resultat. Korpset deltek årleg på både Sotrafestivalen og Hordablæsten. SSM har i ei årrekkje forsynt m.a. Eikanger-Bjørsvik Musikklag med musikantar.
Drift
Drift av korpset vert finansiert av dugnadsarbeid. Korpset har eiga støtteforeining, som tek seg av alle typar serveringsoppdrag, frå konfirmasjon og bryllaup, til julebord og andre festar. Dei fleste av desse skjer i ungdomshuset ”Dalheim”. Korpset har også sin faste juleaksjon med sal av julekalender til bygdefolket, dei har basar kvart år og dei siste to åra har korpset arrangert sommarfest på Hundvinskaien for bygdefolket. På grunn av stor dugnadsvilje og -ånd, er det relativt rimeleg å vere med i korpset. Dei siste 10 - 12 åra har korpset reist på hausttur, - dei siste to åra til Eidfjord. Dette har vore ein gratis tur for musikantar og komande aspirantar.
Hundvin - bygda kring skulen
Skodvin Skule er knutepunktet for Hundvinbygda. Bygda er i dag i vekst med eit jamt aukande innbyggjartal dei siste åra, og tel i dag 590 store og små.
Hundvinbygda har mange aktive lag og organisasjonar, og fleire typar næringsverksemder.
Hundvin Bygdelag
Bygdelaget vart skipa i 2000, og arbeider aktivt for at Hundvinbygda skal vera eit levande bygdesamfunn, prega av godt miljø og samarbeid. Dette inneber mellom anna å:
arbeida for å sikra Skodvin skule si framtid
vera pådrivar for å få nye til å etablera seg i bygda
arbeida for å få tilfredsstillande barnehagedekning i vårt område
vera bindeledd mellom lag og organisasjonar i bygda
informera bygdefolket om viktige saker som angår bygda si utvikling og framtid
vera bindeledd mellom Lindås kommune, Hordaland fylke og andre offentlege instansar
Laget er politisk og økonomisk uavhenging, og skal vera eit interesselag for alle fastbuande i krinsen - dvs. frå Leivestad i sør til Vågseidet i nord.
Prosjekt som laget har gjennomført:
Parkeringsplass på Bruvoll
Badevik på Træland
Prosjekt for å få bygd rimelege bueiningar i Hundvin-feltet, for å stimulere til auka tilflytting
|
|
Saker det vert jobba med:
60-sone frå Bruvoll til Hetlehovde
Gang- og sykkelveg frå Marås og Gaulen til skulen
Få byggetrinn 3 i Hundvin-feltet i tilrettlagt
Gangbru over tunnelportal ved Konglevoll, RV 57
Fleire utkøyringsplassar frå Bruvoll til Hundvin-feltet,
Utbetring og sikring av gamle Hundvin bru som ivaretek dette kulturminnet
Vedlikehald av Hundvin.no |
|
Ungdomslaget Nybrot
| U.L. Nybrot var skipa i 1903 og er tilslutta Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag . Laget driv Ungdomshuset Dalheim og har m.a. |
|
Teatergruppe
Barneleikaring
For barn i skulealder. Barneleikaringen har oppvisning på 17. mai og deltek årleg på Fylkesstemne for born som vert skipa til av lokallaga rundt o m og Hordaland UL. |
|
Dalheim vert aktivt brukt til kulturarrangement som konsertar, dans, revyar, teater, julemesse, Nybrotsmarsj, Familiedag, samt utleige til selskap, bryllaup, konfirmasjonar med meir.
|
|
Konglevoll Bedehus
| Konglevoll bedehus er eigd av Hundvingrend Indremisjon. Huset vert nytta av ulike kristne lag og organisasjonar til samlingar for alle aldrar. Huset vert også nytta til utleige ved t.d. barnedåp, konfirmasjon, åremålsdagar og gravferder. Aktivitetar knytta til bedehuset: |
|
Laurdagstimen er for barn frå 4års alder og ut barne skulen, og held til i |kjellaren i bedehuset annankvar laurdag. Etterpå kan foreldre og alle andre kome og ete laurdagsgraut og prata i lag.
VING : Barn i 5 årstrinn og eldre samlast annakvar onsdag til forskjellige aktivitetar i begge etasjane på bedehuset. Her er det andakt, kiosk, stikkball, bingo, bowling, bordtennis, brettspel og andre aktivitetar.
Hundvin Kyrkje
Ei vakker trekyrkje, bygd på dugnad i 1936. Aktivitetar i tilknytning til kyrkja forutan ordinære gudstenester:
Lys våken : Overnatting for 5 og 6 årstrinn.
På kirketrappa : For 1 og 2 årstrinn.
Årleg julekonsert: i regi av Skodvin skulemusikk
|
|
Hundvingrend Bygdekvinnelag
Ein frivillig og partipolitisk nøytral organisasjon, som skal ivareta bygdekvinner sine sosiale og økonomiske kår. Norges Bygdekvinnelag er hovudorganisasjon.
Hundvingrend Bygdekvinnelag ynskjer og meiner:
at Hundvinbygda skal vera ein triveleg plass å bu for folk i alle aldrar
å ta vare på og vidareføra tradisjonar og kunnskapar om Kultur, Mat og Miljø
Kvinner må vera aktivt med for at grendemiljøet skal bestå
Rein, norskprodusert mat og sunt miljø er noko av det viktigaste me kan tilby borna våre.
Bygdekvinnelaget er aktive med medlemsmøter, kurs og temakveldar, samt reiser og turar.
|
|
Hundvingrend sanitetsforening
Vart skipa i 1943 og er tilslutta Norsk Kvinners Sanitetsforening (NKS).
Foreininga arbeider med:
Betre helse
Miljøberedskap
Krise/katastrofeberedskap
Nærmiljøet
Serverer lunch på 'joggedagen' på Skodvin Skule
Temakveldar
Leiger ut sine lokale til Hundvin Naturbarnehage
Strikkecafe
Frittståande aktivitetar
Småbarnstreff
er ein møteplass for barn under skulealder og deira foreldre. Dette er eit fint høve for barna til å leke saman og bli kjend med framtidige skule-kameratar, og for ein liten foreldreprat.
|
|
Småbarnstrim
Onsdagar 17-18 er det småbarnstrim for dei under skulealder som har lyst på leik og aktivitet.
Dametrimmen
Mandag- og torsdagkveldar er det tid for dametur i mangfaldet av vegar og stiar i bygda.
Skodvin Bulldogs
Onsdagskveldar er det fotballtrening for spreke mannfolk, i Ungdomshuset Dalheim. Skodvin Bulldogs deltek også i grendacup i Nordhordlandshallen.
Næringverksemder i bygda
Hundvin Naturbarnehage AS
Hundvin Naturbarnehage As er ein privat eigd heildags barnehage, som ligg på Bruvoll, midt mellom Knarvik og Lindås. Barnehagen leiger lokalar av Hundvingrend Sanitetsforening, og har plass til 30 born i alderen 1- 6 år.
Som det ligg i namnet nyttar barnehagen naturen mykje til det pedagogiske arbeidet. Dei har etablert ein eigen leirplass som vert nytta dagleg. Her er det lavvo, bålplass, båt, klatretau, sklibane og ein sjøvspikra scene. Leirplassen er under stadig utvikling – og målsetninga er at borna deltek i arbeidet med denne utviklinga – både med idear og arbeidskraft.
Hundvin Naturbarnehage As har kort avstand til utmark med skog og variert terreng, som dei brukar flittig.
Barnehagen si erfaring og undersøkingar visar at det i uteleik er færre konfliktar, og meir fornøgde og glade born. Når born leiker i skog og mark har dei betre plass, forstyrringane er færre, leiken får utfalde seg over tid, og aktivitetane kan varierast i større grad enn på eit tilrettelagd leikeområde.
Hovudaktiviteten er leik, men born treng heile tida nye input for å kunne utvikla seg sjølv og leiken si. Temaarbeid er ein av metodane som vert nytta for at born skal få auka sin kunnskap, erfaring og få nye opplevingar. Årets (08/09) tema er Det fasinerande vatnet . Borna får påverke temaplanlegginga gjennom barnemøte, samtalar og gjennom vaksen observasjon av borna sine interesser.
Hundvin Handel
Nærbutikken vår er driven av eigne krefter i lokale eigd av HundvinBu AS. Butikken er flittig brukt og ein sentral møteplass for handel, prat og organisering av stort og smått i bygda. |
|
Bruvoll Camping&Hytter
| Bruvoll Camping&Hytter har 9 hytter og mange campingvogner ståande. Rundt campingplassen er det ei rekkje aktivitetar og eit rikhaldig dyreliv. I 'Dyrehagen' finn ein sau, gris, geit, hest, kanin og høns mm. |
|
Campingplassen har eiga gamme der opptil 50 personar kan samlast rundt elden. I tillegg til campinggjestar tek vertskapet også i mot barnehagar, skuleklassar, verksemder på teambuilding og besøk til jubileum og andre markeringar.
|
|
Andre næringsverksemder:
Advokat Knut M. Howlid
afford status as
Dagfinn Berg, veterinær
Ella Frisørsalong
Solveig Serigstad Hauge, grafisk designer
Gunn Berit Wiik Berg - Ide, tekst&form
Hugo Vedaa, Takst og eiendomstjenester AS
Jacob Gaulen, tømrar
Lindås Fiskeoppdrett AS
Lindås Skjel AS
Lindås V.V.S. Nils Træland rørleggerforretning AS
Ynnesdal Maskin, entrepenør
Gardbrukarar
Bustadfelt i bygda
Hundvinfeltet
31 bueiningar, og i tillegg er 8 under oppføring (januar 09)
2 tomter er for sal (Trinn 1 og 2)
Trinn 3 er planlagt start utbygging i 2009 (10 tomter).
Brundtlandsåsen
Totalt 13 tomteeiningar
XXX utbygd
Fjellsbøbrekkene
6 tomter planlagt
Træland
1 bustad er oppført, 2 tomter selde
Bruvoll
20 +5 mogelege tomter
|