Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

 

 

 

UNGDOMSLAGET NYBROT er skipa i 1903 og står bak drift av Ungdomshuset Dalheim på Hundvin. Ungdomslaget er tilslutta Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Ungdomshuset Dalheim er eit naturleg samlingspunkt i bygda, og vert drive på dugnad av medlemmar i Ul Nybrot og andre frivillige. Faste arrangement i løpet av året er pubkvelder, raspeballmiddager, Nybrotsmarsjen i august og julemesse i november.

Ungdomshuset kan nyttast til ulike arrangement som konsert, basar, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller feiring av bursdagar, jubileum m.m.

Veil. priser på utleige (2017)
Heile huset: 5500,-
Storesalen fest/møte: 3000,-/1200,-
Gamlesalen fest/møte: 1500,-/800,-
Peisestova til fest: 1500,- møte/barnebursdag: 800,-
Møterom på arka: 500,-

Ein kan bestille utvask mot betaling. Medlemmar får rabatterte prisar. Det er også mogleg å leige lydutstyr med miksepult, lerret, projektor og bankterminal.

Ansvarleg leigetakar må vere over 25 år

Kontaktperson for utleige: Roger Fjellsbø, tlf 995 26 302.

Leiar i UL Nybrot 2017 er Marit Træland, tlf 941 56 297. Øvrige styremedlemmer er Arne Olav Halland, Roger Fjellsbø, Thor Arne Robertsen, Anders Konglevoll, Gunn Berit Wiik Berg, Kristian Konglevoll og Torill T Steine.

Ta gjerne kontakt om du har gode innspel til aktivitet, spørsmål av noko slag eller ynskjer å bidra i det frivillege arbeidet.

 

Kontaktinformasjon:

UL Nybrot
c/o Hundvin Handel
Vassbygdvegen 1241
5956 Hundvin

e-post: ungdomslaget.nybrot@gmail.com