Skodvin Montessoriskule

Skodvin Montessoriskule
Skodvin Skulemusikk
Skodvin Skulemusikk

Hundvin Bygdelag

Hundvin Bygdelag

Ungdomslaget Nybrot

U.L Nybrot

Konglevoll Bedehus

Hundvingrend Sanitetsforening

 

 

 

 

 

 

Vinsmakingskurs i Gammen

 

Smakslaukane jobba på spreng då tjue bygdedamer og ein mannleg vinentusiast frå Arna var påvinsmakingskurs i Gammen på Bruvoll Camping fredag kveld 17. april.

Med smaking av sjampanje, musserande vin, kvitvin, raudvin og dessertvin kombinert med fjorten ulike sortar ost, var det mykje å halda greie på. Men bygdedamene frå Hundvin har vore ute ei vårnatt før, og nytte både vinen og osten til fulle.

 

BLINDTEST: Ved å dekka flaskene til med aluminiumsfolie, ville Ronny Bertelsen at ein skulle prøva å kjenna forskjellen på musserande vin og sjampanje. Ann-Christin Kaland og Torill Vågenes er litt skeptiske.

Vinentusiasten Ronny Bertelsen tok damene gjennom tre ulike eksperiment der det eine gjekk ut på å gjetta forskjell på musserande vin og sjampanje. Deretter handla det om å testa både kvitvin og raudvin til ost, noko som var ei svært lærerik smaksoppleving. Til slutt vart det servert ein kvit dessertvin til dei sterkaste ostane, noko som gjorde at også desse gjekk ned på høgkant.

Etter smakinga var det utlodding av premiar som alle hadde teke med seg. Elles var det ikkje få verdsproblem som vart løyste fram til rundt midnatt. Ikkje usannsynleg at suksessen vert gjenteken ein annan gong.

Alle foto: Gunn Berit W. Berg.

SKÅL FOLKENS: Liv Marås, Tone Wiik, Monica Skare Ones, Solveig Laumark-Møller og Jofrid Skår prøver å finna ut om dei drikk sjampanje eller musserande vin.

 

 

OSTESMAKING: Ost og kjeks høyrer med. Her er det Norun Helland som prøver seg blant anna på ein blå Stilton. I bakgrunnen Tone Wiik og Irmelin S. Larsen.

 

 

BASAR: Ann-Christin Kaland vrengjer jakka i jakt på meir loddpengar medan Tone prøver å tyna Reidun Halland, Irmelin Larsen og Mari-Anne Leivestad for deira siste kroner.

TOK OPPVASKEN: Til store glede for arrangørane, melde Monica Skare Ones seg frivillig til å ta oppvasken ­– på ein litt ny måte.

 

 

HOVUDPREMIEN: Hege Jektvik stakk av med hovudpremien, som var ei flaske sjampanje.

 

 

 

 

 

TONE­–SILD: Tone hadde laga rømme-og sennepssild til gevinst og som løn til kursleiaren.

 

 

 

 

 

 

 

 

Med julesild på glas

No er damene i bygdekvinnelaget ekspertar på rømmesild, sennepssild, tomatsild og Hundvin-sild.

Av Gunn Berit Wiik Berg

Alle foto: Astrid Daae Kristiansen.

 

Heile tretten medlemer og to ikkje-medlemer melde seg på kurs då me inviterte til sildekveld 3. desember. Planen var å læra å laga 3-4 silderettar til å ha på glas til jul. Kursleiar var Evy Bjørvik Dame, som er leiar i Keipane kystlag på Radøy. Ho delte oss inn i fire grupper og sette oss i sving.

Alle heiv seg på med liv og lyst og fylte opp glas etter glas med den eine silderetten lekrare enn den andre.

 

I GANG: Her har Åse Hundvin og Lillebeth Ones fått instruksjonar og er klare til å setja i gang med silderett nummer ein.

 

Sidan det er vanskeleg å berekna akkurat kor mykje råvarer det går med til tolv personar, vart det litt lite av noko og meir av noko anna. Men Sissel kjørte heim og henta sukker, Tone redda oss med sylteagurk og Astrid kjørte heim etter fleire glas. Dermed ordna alt seg til slutt, og alle fekk meir enn tre glas med seg heim. Kjempekjekt!

 

Det er best du tek bilde før me begynner å grina dersom me skal skjæra opp all denne løken, meiner Jofrid Skår.

 

MANGE KOKKAR: Det var ikkje fritt for at det vart litt søl då så mange ivrige sildekokkar skulle sikra seg julesild på glas samtidig. Frå venstre: Tone Wiik, Gunn Berit W. Berg, Jorun Kvalvågnes, Jofrid Skår, Norun Helland og Grete Daae Lathi (som kom heilt frå Masfjorden for å vera med).

HUNDVIN-SILD:

Denne lekre ildevarianten fekk namnet Hundvin.-sild.

 

SILDEDRONNINGA: Det var leiaren i Keipane kystlag på Radøy, Evy Bjørvik Dame (i midten), som lærte oss kunsten å laga julesild på ein enkel og grei måte,

 

 

URTETUR

Onsdag 21. mai reiste me på tur til Hindenes urtehage for å handla økologiske urteplantar og tørka urter hjå Inger Jordal. Dei som var med: Jofrid, Solveig, Tone, Lillebeth, Rigmor, Norun og Gunn Berit (foto).

 

 

 

Kjempekoseleg tur der me først vart dopa med kveldste, før omvisning i drivhus og urtehage. Til slutt fekk me handla ferske og tørka urter, før me vart serverte ei nydeleg fiskesuppe med flatbrød og kryddersmør. Nam, nam....

 

[ Legg inn arrangement ]

 

Kven og kva er Hundvingrend bygdekvinnelag?

- Me er eit lag for alle kvinner i Hundvin-bygda
- Hovudorganisasjonen vår er Norges Bygdekvinnelag (www.bygdekvinnelaget.no)
- Ein frivillig organisajon som skal ivareta bygdekvinner sine sosiale og økonomiske kår
- Partipolitisk nøytral organsisasjon
- Me er 20 medlemer (i alle aldrar, men låg gjennomsnittsalder)
- Me tilbyr felleskap med andre på tvers av alder, livssyn,politisk syn
- Og ønskjer nettopp DEG til medlem i laget vårt!!
 
Me ynskjer og meiner:

- At Hundvinbygda skal vera ein triveleg plass å bu for folk i alle aldrar
- Bygdekvinnelaget er oppteke av å ta vare på og vidareføra tradisjonar og kunnskapar om våre hovudtema:
Kultur - Mat og Miljø
- Me som kvinner må vera aktivt med for at grendemiljøet skal bestå
- Rein, norskprodusert mat og sunt miljø er noko av det viktigaste me kan tilby borna våre.

Kva gjer me?

 

- Medlemsmøte
- Halvtårsplan
- Kurskveldar
- Temakveldar
- Reiser på kino, teater

- Reiser på fjellturar

TIL FJELLS: På tur til turlagshytta Skavlabu (døypt Skravlabu etter vårt besøk) i Stølsheimen august 2005. Dagen etter var nokre av oss på sauetilsyn med Astrid Kristiansen. Skal seia sauene like spleisebrød.

I GAMMEN:

I 2006 tok me sesongavslutninga i Bruvoll-gammen med grill og kos. Her ventar Tone og Torill spente på maten.

 

LEFSEBAKING:

Kurs i lefse- og flatbrødbaking har nesten vorte tradisjon i laget. Astrid og Jofrid er spente på resultatet.

 

 

Aktive kvinner vil Hundvin ha!

Medlemsmøta vert av og til bytta ut med turar i naturen, teaterturar, familiedag, turar til hagesenter m.m
Me arrangerer kurs og demonstrasjonar i førstehjelp, bilstell, økonomi, lappeteknikk, baking, naturprodukt hudpleie,sminke, smykke, kompostering m.m.
Me har og hatt fellesmøte med andre lag eller lært om andre kvinnekulturar.
Me arrangerer foredrag om ulike tema, t.d. juletradisjonar eller haustdepresjonar, samt at me har studieringar om aktuelle emne.

Me har engasjert oss i debatten om skulenedlegging, gang- og sykkelveg, mediapåverknad m.m.

 

Har du lyst å vera med oss?
Du er hjarteleg velkomen i laget vårt, og ta gjerne kontakt med ein i styret:

Styret 2009. Oppdatert 15,01,09

 

Solveig Laumark-Møller, Leiar         

Tlf: 91 30 16 01
Tone Haugen Wiik, Nestleiar Tlf: 47 61 19 63
Gunn Berit W. Berg, Skrivar Tlf: 90 68 24 88
Hege Nordahl Jektevik, Kasserar            Tlf: 93 66 64 54
Lillebeth Ones, Varamedlem 1 Tlf: 95 20 39 46
Sissel Nesse , Varamedlem 2 Tlf: 91 30 06 99
Jorunn Kvalvågnes, Styremedlem Tlf: 41 14 82 18